FA-cupfinalen i fotball 1955
FA-cupturneringa i fotball 1955 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 7. mai 1955. Framfor 100 000 tilskodarar sikra Newcastle United seg FA-pokalen for sjette, og hittil (2021) siste, gong, då laget vann med 3–1 over Manchester City.
Kampen[endre | endre wikiteksten]
Finalen var berre 45 sekund gammal då Jackie Milburn gav Newcastle leiinga. Straks før pause utlikna Bobby Johnstone for Manchester City. I det 52. minutt kom Newcastle framom då Bobby Mitchell sende ballen i nettet. Berre sju minutt seinare fastsette George Hannah sluttresultatet til 3–1.
Newcastle-mannskapet bestod av: Ronnie Simpson, Bobby Cowell, Ron Batty, kapteinen Jimmy Scoular, Bob Stokoe, Tommy Casey, Len White, Jackie Milburn, Vic Keeble, George Hannah og Bobby Mitchell.
Manchester City mønstra: Bert Trautmann, Jimmy Meadows, Roy Little, Ken Barnes, Dave Ewing, Roy Paul, Billy Spurdle, Joe Hayes, Don Revie, Bobby Johnstone og Paddy Fagan.
Domaren heitte Reg Leafe.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «1955 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2022.