FA-cupfinalen i fotball 1959
FA-cupturneringa i fotball 1959 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 2. mai 1959. Framfor 100 000 tilskodarar vann Nottingham Forest sin andre og siste FA-pokal gjennom siger 2–1 over Luton Town. Det var 61 år sidan den førre Forest-triumfen i FA-cupen.
Kampen[endre | endre wikiteksten]
Med to kjappe mål i 10. og 14. minutt leia Nottingham Forest med 2-0 til Luton reduserte til 2-1 midtvegs i andre omgang. Fleire mål kom ikkje. Roy Dwight og Tommy Wilson skåra for Nottingham Forest, Dave Pacey for Luton.
Nottingham Forest sitt vinnarlag: Chic Thomson, Bill Whare, Bobby McKinlay, Jack Burkitt (kaptein), Joe McDonald, Jeff Whitefoot, Roy Dwight, Johnny Quigley, Tommy Wilson, Billy Gray, Stewart Imlach.
Luton Town mønstra: Ron Baynham, Brendan McNally, Ken Hawkes, John Groves, Syd Owen (kaptein), Dave Pacey, Billy Bingham, Allan Brown, Bob Morton, George Cummins og Tony Gregory.
Jack Clough var dommar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «1959 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2021.