FA-cupfinalen i fotball 1967

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1967 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 20. mai 1967. 100 000 tilskodarar såg London-laget Tottenham Hotspur vinne klubbens femte FA-pokal, etter å ha sigra med 2-1 over byrival Chelsea FC.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Høgrevengen Jimmy Robertson gav Tottenham leiinga med ein markkrypar i det 40. minutt. Midtvegs i andre omgang la Frank Saul på til 2-0 på ei pasning frå same Robertson. Bobby Tambling reduserte til 1-2 for Chelsea på ei heading seks minutt føre full tid.

Tottenham stilte med: målvakta Pat Jennings, forsvarsrekka Joe Kinnear, Mike England, kapteinen Dave Mackay og Cyril Knowles, sentralt på midtbana spelte Alan Mullery og Terry Venables, medan angrepsrekka bestod av Jimmy Robertson, Jimmy Greaves, Alan Gilzean og Frank Saul.

Chelsea stilte med: Peter Bonetti, Allan Harris, Eddie McCreadie, John Hollins, Marvin Hinton, Ron Harris (kaptein), Charlie Cooke, Tommy Baldwin, Tony Hateley, Bobby Tambling og John Boyle.

Ken Dagnall dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]