FA-cupfinalen i fotball 1969

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1969 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 26. april 1969. 100 000 tilskodarar såg Manchester City sine 11 utvalde spelarar vinne klubbens sjuande FA-pokal etter siger 1-0 mot Leicester City. Klubbens forrige triumf i FA-cupen kom i 1956.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avgjort då Mike Summerbee i det 24. minutt spelte seg fri ved dødlinja og sentra tilbaje til midtspissen Neil Young som frå 13 meters hald lyfta ballen i nettaket.

Manchester City-laget bestod av Harry Dowd, Tony Book (kaptein), Mike Doyle, Tommy Booth, Glyn Pardoe, Alan Oakes, Colin Bell, Mike Summerbee, Francis Lee, Neil Young, Tony Coleman.

Leicester mønstra: Peter Shilton, Peter Rodrigues, David Nish (kaptein), Bobby Roberts, Alan Woollett, Graham Cross, Rodney Fern, Dave Gibson, Andy Lochhead, Allan Clarke og Lenny Glover. Malcolm Manley kom inn i det 70. minutt for Lenny Glover.

George McCabe var dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]