FA-cupfinalen i fotball 1970

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1970 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 11. april. 100 000 tilskodarar såg kampen mellom London-laget Chelsea FC og Leeds United ende 2 – 2 etter 120 minutts spel. Onsdag 29. april møttest laga til omkamp på Old Trafford i Manchester med 62 078 til stades på tribunane. Chelsea sikra seg FA-pokalen gjennom å vinne med 2 – 1, også i den kampen måtte det ekstraomgangar til. Det var Chelseas aller fyrste triumf i FA-cupen, etter finaletap i 1915 og 1967.

Finalekampane[endre | endre wikiteksten]

På Wembley skåra Jackie Charlton for Leeds i det 20. minutt, Peter Houseman utlikna fire minutt før pause. I det 84. minutt sende Mick Jones Leeds i føringa att, berre to minutt seinare utlikna Chelsea ved Ian Huthinson. Etter mållause ekstraomgangar på Wembley, møttest laga til ny finalekamp 18 dagar seinare. I Manchester skåra Leeds fyrst nok ein gong, ti minutt før pause sette nemnde Jones inn sitt andre finalemål. Peter Osgood utlikna i det 78. minutt og kampen gjekk til ekstraomgangar. 14 minutt ut i fyrste ekstraomgang vart midtstopparen David Webb matchvinnar for Chelsea då han frå kort hald nikka ei mislukka klarering i mål.

Chelsea sitt vinnarlag: Peter Bonetti, Ron Harris (kaptein), John Dempsey, David Webb, Eddie McCreadie, John Hollins, Tommy Baldwin, Charlie Cooke, Peter Osgood, Ian Hutchinson, Peter Houseman. Marvin Hinton var innbytar i begge kampane. I den fyrste kampen spelte han ekstraomgangane i staden for Harris, i det avgjerande oppgjeret kom han inn i det 112. minutt, Peter Osgood gjekk ut.

I den avgjerande kampen bestod Leeds United-mannskapet av David Harvey, Paul Madeley, Jack Charlton, Norman Hunter, Terry Cooper, Billy Bremner (kaptein), Johnny Giles, Peter Lorimer, Allan Clarke, Mick Jones og Eddie Gray. I det fyrste finaleoppgjeret stod Gary Sprake mellom målstengene, og ikkje David Harvey.

Eric Jennings dømde begge kampane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]