FA-cupfinalen i fotball 1973

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ian Porterfield i det han vart matchvinnar

FA-cupturneringa i fotball 1973 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 5. mai 1973. 100 000 tilskodarar såg Sunderland AFC vinne klubbens einaste trofe etter 2. verdskrigen, då laget sensasjonelt sigra 1-0 mot tittelforsvarar Leeds United. Leeds-mannskapet i fyrste halvpart av 1970-åra heldt europeisk toppnivå og var store favorittar mot Sunderland, ein klubb som spelte i engelsk 2. divisjon.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Ian Porterfield vart matchvinnar for Sunderland då han skaut over Leeds-målvakta frå 10-11 meters hald i det 32. minutt. Midtvegs i andre omgangen stod Sunderland-målvakta Jimmy Montgomery for ei redning det gjekk gjetord om, eit skot frå Leeds-spelaren Peter Lorimer slo han i tverrliggaren og ut.

Sunderland-spelarane vart feira i heimbyen

Sunderland sitt vinnarlag: Jimmy Montgomery. Dick Malone, David Watson, Richie Pitt, Ron Guthrie, Bobby Kerr, Micky Horswill, Ian Porterfield, Billy Hughes, Vic Halom, Dennis Tueart.

Leeds sitt lag bestod av: David Harvey, Paul Reaney, Trevor Cherry, Billy Bremner (kaptein), Paul Madeley, Norman Hunter, Peter Lorimer, Allan Clarke, Mick Jones, Johnny Giles og Eddie Gray. Terry Yorath kom inn i det 75. minutt for Eddie Gray.

Dommaren heitte Ken Burns.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]