FA-cupfinalen i fotball 1976

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupturneringa i fotball 1976 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 1. mai 1976. 99 115 tilskodarar såg Southampton FC sine 11 utvalde spelarar vinne klubbens aller fyrste trofe etter siger 1-0 mot Manchester United.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Manchester United var det førande laget i den fyrste omgangen, Southampton i den andre. Finalen vart avgjort då Bobby Stokes vart spelt fri i det 83. minutt, moglegvis i offsideposisjon, og frå 18-19 meters hald sende eit laust skot i motsett målvaktshjørne.

Vinnarane til Southampton: Ian Turner, Peter Rodrigues (kaptein), Mel Blyth, Jim Steele, David Peach, Nick Holmes, Paul Gilchrist, Jim McCalliog, Mick Channon, Peter Osgood og Bobby Stokes.

Manchester United mønstra: Alex Stepney, Alex Forsyth, Brian Greenhoff, Martin Buchan (kaptein), Stewart Houston, Gerry Daly, Sammy McIlroy, Steve Coppell, Stuart Pearson, Lou Macari, Gordon Hill. Hill gjekk ut midtvegs i 2. omgang, inn kom David McCreery.

Dommaren heitte Clive Thomas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]