FA-cupfinalen i fotball 1979

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane; Manchester United i raudt og Arsenal i gult

FA-cupturneringa i fotball 1979 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 12. mai 1979. 99 219 tilskodarar såg London-laget Arsenal FC sikre seg pokalen etter å ha vunne med 3-2 mot Manchester United. Det var femte gongen Arsenal triumferte i FA-cupen, den førre pokalsigeren fann stad i 1971.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Brian Talbot sende Arsenal i føringa i det 12. minutt. Eit par minutt før pausen nikka Frank Stapleton inn eit overlegg og det stod 2-0 på måltavla. Fem minuttar før ordinær tid var ute, reduserte Gordon McQueen til 1-2 og kampen tok fyr. To minuttar seinare dribla Sammy McIlroy vekk to forsvarsspelarar og frå 10 meters hald fekk pirka ballen forbi Arsenal-målvakta og i de bortre hjørnet. Omgåande slo Arsenal tilbake og Alan Sunderland skåra sigersmålet frå kort hald, på eit innlegg som gjekk over United-målvakta. Då var det mindre enn to minutt att til dommaren bles av oppgjeret.

Arsenal sitt vinnarlag spelte: Pat Jennings, Pat Rice (kaptein), David O'Leary, Willie Young, Sammy Nelson, Liam Brady, Brian Talbot, David Price, Graham Rix, Alan Sunderland og Frank Stapleton. I det 83. minutt gjekk Price ut og Steve Walford kom innpå.

Manchester United mønstra: Gary Bailey, Jimmy Nicholl, Gordon McQueen, Martin Buchan (kaptein), Arthur Albiston, Sammy McIlroy, Steve Coppell, Lou Macari, Mickey Thomas, Jimmy Greenhoff og Joe Jordan.

Dommaren heitte Ron Challis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]