FA-cupfinalen i fotball 1983

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i omkampen 26. mai, med Manchester United i raudt

FA-cupturneringa i fotball 1983 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 21. mai 1983, med 99 059 tilskodarar på tribunane. Då sluttstillinga etter 120 minuttars spel var 2-2, møttest finalelaga Brighton & Hove Albion og Manchester United til omkamp på same arenaen den 26. mai, ein kamp Manchester United vann med 4-0. 91 534 tilskodarar såg det avgjerande oppgjeret.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Gordon Smith gav Brighton leiinga 1-0 i det 14. minutt av finalekampen den 21. Ti minuttar ut i 2. andre omgangen stod det 1-1 etter ei skåring av Frank Stapleton, 17 minuttar seinare sende Ray Wilkins Manchester United framom då han skrudde ballen i mål frå høgre i motsett hjørne. Midtstopparen Gary A. Stevens for Brighton utlikna i det 87. minutt. Ekstraomgangane vart mållause, Brighton hadde ein stor sjanse til å vinne i kampens siste sekundar.

Omkampen den 26. mai vann Manchester United med 4 mål mot 0. Bryan Robson skåra to mål før pause, Norman Whiteside eitt. I den andre omgangen la Arnold Mühren på til 4-0 med eit straffespark i den 62. minutt.

Manchester United sitt vinnarlag bestod av: Gary Bailey, Mike Duxbury, Kevin Moran, Gordon McQueen, Arthur Albiston, Arnold Mühren, Bryan Robson (kaptein), Ray Wilkins, Norman Whiteside, Frank Stapleton og Alan Davies.

Alf Grey dømde begge finalekampane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]