FA-cupfinalen i fotball 1990

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i finalane, Manchester United i kvitt

FA-cupturneringa i fotball 1990 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 12. mai 1990. Då sluttstillinga etter 120 minuttars spel var 3-3, møttest finalelaga Crystal Palace FC og Manchester United til omkamp på same arenaen den 17. mai, ein kamp Manchester United vann med 1-0. Til begge finalekampane var det møtt fram om lag 80 000 tilskodarar.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Laurdagskampen 12. mai sende midtstopparen Gary O'Reilly Crystal Palace i føringa i det 18. minutt. Bryan Robson utlikna så i det 35. minutt, medan lagkameraten Mark Hughes gav United leiinga i det 62. minutt. Ti minuttar seinare utlikna innbytaren Ian Wright til 2-2, noko som var stillinga då ordinær tid var ute. Same Wright syrgde for 3-2 til London-laget allereie i det 2. minutt av fyrste ekstraomgang. Fyrst midtvegs i andre ektraomgang makta Mark Hughes å skape balanse I målprotokollen, 3-3. Dermed måtte det omkamp til.

Den 17. mai kunne Manchester United-kapteinen Bryan Robson heve FA-pokalen for tredje gong. Venstrebacken Lee Martin vart matchvinnar etter han i det 59. minutt storma fram og frå 10 meters hald skaut ballen høgt i næraste hjørnet.

Manchester United stilte i den avgjerande kampen med: Les Sealey, Mike Phelan, Steve Bruce (kaptein), Gary Pallister, Lee Martin, Neil Webb, Paul Ince, Bryan Robson, Danny Wallace, Brian McClair og Mark Hughes. Einast måvakta Jim Leighton var vraka frå startoppstillinga i den fyrste kampen. Elles spelte Clayton Blackmore og Mark Robins ekstraomgangane i laurdagskampen, i staden for Martin og Pallister.

Allan Gunn dømde begge kampane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]