FA-cupfinalen i fotball 1991

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagoppstillingane med Tottenham i kvitt

FA-cupturneringa i fotball 1991 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 18. mai 1991. Framfor 80 000 tilskodarar sikra London-laget Tottenham Hotspur seg klubbens åttande FA-pokal etter siger 2-1 mot Nottingham Forest.

Målvakta til Tottenham, Erik Thorstvedt, vart då den fyrste norske fotballspelaren som vann ein FA-pokal.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Forsvarsspelaren Stuart Pearce sende Nottingham Forest i leiinga i det 16. minutt, då han skåra på frispark gjennom eit hol i forsvarsmuren til Tottenham. Etter ein halvtimes spel fekk Tottenham straffespark, ei dårleg plassert straffe som Nottingham-målvakta Mark Crossley stoppa. Ti minutt stod det uavgjort 1-1 etter Paul Stewart skåra med eit skot frå 10-11 meters hald i motsett hjørne. Kampen gjekk til ekstraomgangar og vart avgjort då ein av forsvarsspelarane til Nottingham Forest skalla ballen i vinkelen i eige mål i det 94. minutt, hardt pressa av ein Tottenham-spelar.

Tottenham sitt vinnarlag bestod av: Erik Thorstvedt, Pat Van Den Hauwe, Steve Sedgley, Gary Mabbutt (kaptein), Justin Edinburgh, Paul Allen, David Howells, Paul Gascoigne, Vinny Samways, Paul Stewart, Gary Lineker. Gascoigne gjekk av bana allereie i det 17. minutt etter å ha skada seg, inn kom Nayim. 81 minutt ut i finalen måtte Samways vike plass for Paul Walsh.

Nottingham Forest mønstra: Mark Crossley, Gary Charles, Stuart Pearce (kaptein), Des Walker, Steve Chettle, Roy Keane, Gary Crosby, Garry Parker, Nigel Clough, Lee Glover og Ian Woan. Midtvegs i annen omgang kom Steve Hodge innpå for Ian Woan og tre minutt ut i annen ekstraomgang kom Brian Laws innpå for Lee Glover.

Dommaren heitte Roger Milford

Kjelder[endre | endre wikiteksten]