FA-cupfinalen i fotball 1995

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane

FA-cupfinalen i fotball 1995 fann stad på Wembley stadion i London 20. mai 1995, med 79 592 tilskodarar på tribunane. Kapteinen på Everton FC kunne heve pokalen etter at laget frå Liverpool vann med 1-0 mot Manchester United.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avgjort etter ein halvtimes spel. Ei Everton-kontring vart avslutta med eit skot som trefte tverrliggaren, returen stanga Paul Rideout i nettet frå femmeters hald. Resten av kampen dominerte Manchester United, utan at spelarane fekk ballen over målstreken til motstandane.

Vinnarlaget Everton bestod av: Neville Southall, Matt Jackson, David Watson (kaptein), David Unsworth, Gary Ablett, Anders Limpar, Joe Parkinson, Barry Horne, Andy Hinchcliffe, Graham Stuart og Paul Rideout. Duncan Ferguson og Daniel Amokachi kom på bana etter høvesvis 50 og 68 minuttars spel, ut gjekk Rideout og Limpar.

Manchester United stilte med: Peter Schmeichel, Gary Neville, Steve Bruce (kaptein), Gary Pallister, Denis Irwin, Nicky Butt, Paul Ince, Roy Keane, Lee Sharpe, Brian McClair og Mark Hughes. Ryan Giggs tok over for Bruce i pausen, medan Paul Scholes erstatta Sharpe i det 72. minutt.

Dommaren heitte Gerald Ashby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]