FA-cupfinalen i fotball 1996

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane, Manchester United i raudt

FA-cupfinalen i fotball 1996 fann stad på Wembley stadion i London 11. mai 1996, med 79 007 tilskodarar på tribunane. Manchester United vann pokalen etter å ha slått Liverpool FC med 1-0.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Manchester United-kapteinen Éric Cantona vart matchvinnar då han vel fem minuttar før ordinær tid var ute, frå 17 meters hald og med eit volleyskot, ekspederte ei utboksing frå Liverpool-målvakta forbi ein «haug» med forsvarsspelarar.

Manchester United stilte med: Peter Schmeichel, Denis Irwin, Gary Pallister, David May, Phil Neville, David Beckham, Roy Keane, Nicky Butt, Ryan Giggs, Éric Cantona og Andy Cole. Paul Scholes erstatta Cole i det 64. minutt og Gary Neville kom på bana i sluttsekundane, ut gjekk Beckham.

Dommaren heitte Dermot Gallagher.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]