FA-cupfinalen i fotball 1999

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane. Manchester United i raudt

FA-cupfinalen i fotball 1999 fann stad på Wembley stadion i London 22. mai 1999, med 79 101 tilskodarar på tribunane. Manchester United sikra seg pokalen etter å ha vunne med 2-0 over Newcastle United.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Manchester United tok leiinga ved innbytar Teddy Sheringham i det 11. minutt, einast to minuttar etter han kom på bana. Åtte minuttar ut i den andre omgangen la Paul Scholes på til 2-0.

United-spelarar feirar 2-0-skåringa

Manchester United stilte med: Peter Schmeichel, Gary Neville, David May, Ronny Johnsen, Phil Neville, David Beckham, Roy Keane, Paul Scholes, Ryan Giggs, Andy Cole og Ole Gunnar Solskjær. Teddy Sheringham kom på bana allereie i det 9. minutt, då Keane vart skadd. Dwight Yorke bytta med Cole i det 60. og Jaap Stam med Scholes i det 78. minutt.

Newcastle United stilte med: Steve Harper, Andy Griffin, Nikos Dabizas, Laurent Charvet, Didier Domi, Rob Lee, Dietmar Hamann, Gary Speed, Nolberto Solano, Temur Ketsbaia, Alan Shearer (kaptein). Duncan Ferguson vart bytta inn like etter pause for Hamann. Medan Silvio Marić kom inn i staden for Solano i det 68. minutt og Stephen Glass kom inn i staden for Ketsbaia i det 79. minutt.

Dommaren heitte Peter Jones.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]