FA-cupfinalen i fotball 2000

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

FA-cupfinalen i fotball 2000 fann stad på Wembley stadion i London 20. mai 2000, med 78 217 tilskodarar på tribunane. Kampen mellom London-laget Chelsea FC og Aston Villa FC frå Birmingham enda med 1–0 til Chelsea.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Ein tam kamp vart avgjort då Chelsea-spelaren Roberto Di Matteo i det 71. minutt banka ballen i mål frå 3 meter, etter Aston Villa-målvakta slepte eit frispark-innlegg som hamna i føtene på den italienske midtbanespelaren.

Chelsea stilte med: Ed de Goey, Mario Melchiot, Marcel Desailly, Frank Lebœuf, Celestine Babayaro, Roberto Di Matteo, Didier Deschamps, Dennis Wise (kaptein), Gustavo Poyet, Gianfranco Zola og George Weah. Heilt på tampen kom Tore Andre Flo og Jody Morris inn på bana, ut gjekk Weah og Zola.

Aston Villa sine utvalde heitte David James, Mark Delaney, Ugo Ehiogu, Gareth Southgate, Gareth Barry, Alan Wright, George Boateng, Paul Merson, Ian Taylor, Benito Carbone og Dion Dublin. Mot slutten av oppgjeret kom Julian Joachim, Steve Stone og Lee Hendrie i spel, ut for Carbone, Taylor og Wright,

Graham Poll var dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]