FA-cupfinalen i fotball 2001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupfinalen i fotball 2001 fann stad på Millenium stadion i Cardiff den 12. mai, med 72 500 tilskodarar på tribunane. Kampen mellom London-laget Arsenal FC og Liverpool FC enda med siger 2–1 til Liverpool.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane med Liverpool i gult

Svenske Fredrik Ljungberg sende Arsenal framom i det 72. minutt. Med to nettkjenningar i løpet av dei siste åtte minutta snudde Michael Owen finalen til Liverpool-triumf.

Liverpool sitt vinnarlag: Sander Westerveld, Markus Babbel, Sami Hyypiä (kaptein), Stéphane Henchoz, Jamie Carragher, Danny Murphy, Steven Gerrard, Dietmar Hamann, Vladimír Šmicer, Emile Heskey, Michael Owen. Gary McAllister kom på bana då kampen var ein time gammal, Patrik Berger og Robbie Fowler fekk begge eit kvarters speletid. Fyrst Haman og sidan Murphy og Šmicer måtte vike plass.

Arsenal mønstra: David Seaman, Lee Dixon, Martin Keown, Tony Adams (kaptein), Ashley Cole, Fredrik Ljungberg, Gilles Grimandi, Patrick Vieira, Robert Pirès, Sylvain Wiltord og Thierry Henry. I løpet av siste kvarteret kom etter tur Ray Parlour, Dennis Bergkamp og Nwankwo Kanu i spel. Ut gjekk Wiltord, Ljungberg, Dixon.

Steve Dunn var dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]