FA-cupfinalen i fotball 2003

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

FA-cupfinalen i fotball 2003 fann stad på Millenium stadion i Cardiff den 17. mai, med 73 726 tilskodarar på tribunane. Kampen mellom tittelforsvarar Arsenal FC frå London og Southampton FC enda med siger 1 – 0 til Arsenal.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane med Arseanl i raudt

Finalens einaste mål kom då Robert Pirès i det 38. minutt mottok ei halvklarering frå Southampton-forsvaret og frå 7 meter sette ballen nede til venstre for målvakta.

Arsenal sitt vinnarlag bestod av: David Seaman (kaptein), Lauren Etamé-Mayer, Martin Keown, Oleh Luzjny, Ashley Cole, Robert Pirès, Ray Parlour, Gilberto Silva, Fredrik Ljungberg, Dennis Bergkamp og Thierry Henry. Sylvain Wiltord erstatta Bergkamp i det 77. minutt.

Southampton mønstra: Antti Niemi, Chris Baird, Claus Lundekvam, Michael Svensson, Wayne Bridge, Paul Telfer, Matt Oakley, Anders Svensson, Chris Marsden (kaptein), Brett Ormerod, James Beattie. 20 minutt i andre omgang vart målvakta Niemi skadd og erstatta med Paul Jones. I det 75. minutt kom Jo Tessem inn, ut gjekk Anders Svensson. Fabrice Fernandes spelte siste fem minutta i staden for Baird.

Graham Barber var dommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]