FA-cupfinalen i fotball 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i FA-cupfinalen 2005, Arsenal i raudt

FA-cupfinalen i fotball 2005 fann stad på Millenium stadion i Cardiff 21. mai 2005, med 71 876 tilskodarar på tribunane. London-laget Arsenal FC vann den 124. FA-cupen etter straffeskyting. Etter 120 mållause minuttar skåra Arsenal på alle sine fem straffespark, motstandarlaget Manchester United mislukkast då Arsenal-målvakta Jens Lehmann stoppa det andre forsøket.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Manchester United var det dominerande laget gjennom heile kampen. Vel midtvegs i den fyrste omgangen vart ein retur frå Arsenal-målvakta sett i nettmauskane, men annullert for hårfin offside. Midt i den andre omgangen small eit hardt, lågt skot frå United-spissen Wayne Rooney i næraste stanga, medan ein nikk frå tre meters hald frå lagkamerat Ruud van Nistelrooij vart stanga i tverrliggaren av ein Arsenal-forsvarar, fem minuttar før ordinær tid var ute. Arsenal, på si side, makta ikkje å spele seg til ein einaste stor sjanse. I det 120. minutt vart Arsenal-vengen José Antonio Reyes utvist, etter å ha fått sitt andre gule kort.

I straffetevlinga skåra etter tur Ruud van Nistelrooij, Cristiano Ronaldo, Wayne Rooney og Roy Keane for Manchester United, Paul Scholes missa. For Arsenal netta Lauren Etamé-Mayer, Fredrik Ljungberg, Robin van Persie, Ashley Cole, Patrick Vieira.

Arsenal sitt mannskap bestod av: Jens Lehmann, Lauren Etamé-Mayer, Kolo Touré, Philippe Senderos, Ashley Cole, Cesc Fàbregas, Patrick Vieira (kaptein), Gilberto Silva, Robert Pirès, Dennis Bergkamp og José Antonio Reyes. I løpet av finalen gjekk Bergkamp ut i det 65. Fàbregas i det 86. og Pires framfor 2. ekstraomgang. Inn kom, etter rokes, Fredrik Ljungberg, Robin van Persie og Edu Gaspar.

Manchester United stilte med: Roy Carroll, John O’Shea, Wes Brown, Mikaël Silvestre, Darren Fletcher, Roy Keane (kaptein), Paul Scholes, Wayne Rooney, Ruud van Nistelrooij og Cristiano Ronaldo. Quinton Fortune tok over for O’Shea i det 77. minutt, medan Ryan Giggs spelte ekstraomgangane i staden for Fletcher.

Dommaren heitte Rob Styles.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]