FA-cupfinalen i fotball 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i finalen, Chelsea FC i blått

FA-cupfinalen i fotball 2018 fann stad på Wembley stadion i London 19. mai 2018, med 87 647 tilskodarar på tribunane. London-laget Chelsea FC vann pokalen, etter å han slått Manchester United med 1-0.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

I ein heller sjansefattig kamp var Chelsea FC det førande laget. Eden Hazard vart matchvinnar då han i det 22. minutt skåra kampens einaste mål frå straffemerket, etter han sjølv vart ureglementert takla av United-stopparen Phil Jones.

Chelsea sitt vinnarlag bestod av: Thibaut Courtois, César Azpilicueta, Gary Cahill (kaptein), Antonio Rüdiger, Victor Moses, Tiémoué Bakayoko, N'Golo Kanté, Cesc Fàbregas, Marcos Alonso, Eden Hazard og Olivier Giroud. I sluttminuttane fekk Álvaro Morata og Willian Borges da Silva sleppe inn på bana, ut gjekk Giroud og Hazard.

Manchester United stilte med: David de Gea, Antonio Valencia (kaptein), Chris Smalling, Phil Jones, Ashley Young, Ander Herrera, Nemanja Matić, Paul Pogba, Jesse Lingard, Marcus Rashford og Alexis Sánchez. Romelu Lukaku og Anthony Martial kom på bana i det 73. minutt, ut fór Lingard og Rashford. Juan Mata spelte dei siste fem minuttane i staden for Jones.

Dommaren heitte Michael Oliver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]