FC Magdeburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
FC Magdeburg, etter å ha sikra seg den sjuande og siste FDGB-pokalen i 1983

1. Fußballclub Magdeburg er ein fotballklubb frå Magdeburg i Tyskland, til 1991 i Aust-Tyskland, som vann Cupvinnarcupen i 1974.

FC Magdeburg vart skipa 22. desember 1965 då fotballavdelinga i SC Magdeburg vart skilt ut som ei eiga eining. Med unnatak for 1966/67-sesongen spelte klubben i DDR-Oberliga, toppdivisjonen i austtysk fotball, i tida frå 1960 til 1991. Klubben vart i den perioden seriemeister tre gongar og cupmeister sju gongar. Størst suksess hadde FC Magdeburg i Cupvinnarcupen 1974 med finalesiger 2-0 over AC Milan. Det var einaste gongen eit austtysk fotballag vann ein av dei store europacupane.

Etter at Aust-Tyskland og Vest-Tyskland vart samla (der Wende) spelte FC Magdeburg i regional amatør-fotball til 2015. Sidan hausten 2015 deltek klubben for fyrste gong i profesjonell fotball, på nivå tre i Bundesliga.

FC Magdeburg si heimebane sidan 2007, MDCC-Arena, har plass til 27 250 tilskodarar. Laget spelar i blå drakter, med kvite, vertikale striper på trøyene.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1974
  • Seriemeister i Aust-Tyskland: 1972, 1974 og 1975
  • Cupmeister (FDGB-pokal) i Aust-Tyskland: 1964, 1965, 1969, 1973. 1978, 1979 og 1983

Kjelder[endre | endre wikiteksten]