FEM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
FEM

Lansert2007
LandNoreg
Nettstadhttp://www.femtv.no/

FEM er ein norsk fjernsynskanal som starta sendingane sine den 3. september 2007, i samband med opninga av det digitale bakkenettet. Fjernskanalen som er systerkanalen til TVNorge, har kvinner som målgruppe og sender dokumentarar, dramaseriar, spelefilmar, situasjonskomediar, i tillegg til mote- og kjendisnyhende. FEM er tilgjengeleg via RiksTV på det digitale bakkenettet, parabol og kabel-TV. Kanalen sender frå London med ein Ofcom-lisens. På denne måten kan ein sende reklame etter engelske reglar, slik også TV3 og Viasat 4 gjer. I februar 2008 starta kanalen det eigenproduserte talk-showet Studio 5.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Kanalen er vorten skulda for å ha ein «fornærmande profil» av medie- og kjønnsforskar Wenche Mühleisen og dåverande Ny Tid-redaktør Martine Aurdal.[1]

Sjåartal[endre | endre wikiteksten]

Kanalen hadde dei siste vekene i 2007 ein gjennomsnittleg marknadsdel på 1 prosent i totalbefolkninga, og ein del på 1,4 prosent blant kvinner i alderen 20-49 år.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagbladet 2. september 2008 Følg saken. Nye tv-kanalar. Side 60
  2. Fakta Kanal FEM - Dagbladet.no 8. januar 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]