FIR-filter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit FIR-filter innanføre signalhandsaming (frå engelsk; Finite Impulse Response filter) er eit filter med ein endeleg impulsrespons. Desse filtera står i kontrast til IIR-filter med uendeleg impulsrespons.

Design av FIR-filter[endre | endre wikiteksten]

Vanlege metodar for design av FIR-filter er

Vindaugemetoden[endre | endre wikiteksten]

Vindaugemetoden er basert på å nytte ein særskild vindaugefunksjon på eit ideelt filter. Impulsreponsen til det ideelle filteret er ein sinc-funksjon og er ikkje absolutt summerbar. Altså vil ikkje eit ideelt filter oppfylle kravet om stabilitet som er naudsynt for implementering på ei datamaskin. Ein vindaugefunksjon vert derfor nytta på impulsresponsen med mål om å få han absolutt summerbar.

Parks-McClellan-metoden[endre | endre wikiteksten]

Denne algoritmen vert nytta til design av equirippel FIR-filter og lineær fase FIR-filter generelt. Algoritmen finn det optimale Chebyshev FIR-filteret som samsvarar til gjevne kriterium. Algoritmen er ein iterativ prosedyre som er basert på eit feilkriterie. Han finn dei optimale FIR filter koeffisientane i samhøve til minimiseringa av dette feilkriteriet. Parks-McClellan metoden er vorten ein standard metode for generelt design av ymse FIR-filter.

Samanlikning med IIR-filter[endre | endre wikiteksten]

I særskilde høve har FIR-filter fleire føremon over vanlege IIR-filter. FIR-filter kan alltid implementerast på ei datamaskin ettersom impulsresponsen er garantert til å vere absolutt summerbar (filteret er stabilt). IIR-filter har ikkje denne garantien og er derfor ikkje garanterte til å vere implementertbare på ei datamaskin.

Eigenskapar hjå FIR-filter[endre | endre wikiteksten]

Stabilitet[endre | endre wikiteksten]

FIR filter vil alltid vere stabile ettersom impulsresponsen er endeleg.

Lineær fase[endre | endre wikiteksten]

Om filteret har eikor form for symmetri i impulsresponsen sin så vil FIR-filteret ha lineær fase.

Kausalitet[endre | endre wikiteksten]

Kausalitet er ein påkravd eigenskap om FIR-filteret skal implementerast på ei datamaskin til å prossessere signal i sanntid. For å få filteret til å verte kausalt kan ein minke generering av utgangen med eit særskilt tal på sampelpunkt.