FISINT

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

FISINT (av engelsk Foreign Instrumentation Signals INTelligence) er etterretning frå utanlandske elektromagnetiske utslepp knytt til testing og operativ distribusjon av utanlandsk luftfart, bakkesystem og andre relaterte system.[1] Sidan det handlar om signal som liknar vanleg samband, er det rekna som ein underkategori av COMINT, som, i sin tur, er ein underkategori av SIGINT. I motsetnad til generelle COMINT-signal, er ikkje innhaldet av FISINT eit vanleg menneskeleg språk, men snarare eit maskin til maskin (instrumentering)-språk eller i ein kombinasjon av vanlege menneskelege språk og instrumenteringsspråk. FISINT er òg regka som ei undergruppe av MASINT (måling- og signaturetterretning).

Typiske døme på slik kommunikasjon er:

  • Telemetridata (TELINT). Rakettar, satellittar og andre eksternt overvaka einingar som ofte overfører straumar av data om posisjon, fart, motorstatus og andre berekningar.
  • Videodatakoplingar. Desse kan vera frå UAV-ar eller frå satellittar brukt til rekognosering.
  • Eksternt tilgjenge til, og kontroll over overføringar, til dømes frå eksterne nøkkelfrie system, trådlause dørklokkar og trådlause trafikklyskontrollsystem.
  • Styringssignal som vert brukt i teleoperasjon, til dømes kontroll av luftfarkostar, rakettar, missil og eksternt kontrollerte robotar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NSA-faq