FS «Marjata» (2016)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
FS «Marjata»
Marjata4.jpg
Karriere i Noreg
Type: Forskingsskip
Bestilt: 2010
Verft: Vard Langsten
«Marjata» i november 2015

FS «Marjata» er eit norsk forskingsfartøy for Forsvaret som blei teke i bruk i 2016. Skipet blei bygd i Romania og Romsdal og militærteknisk utrusta i USA.[1][2] Det blei døypt 6. desember 2014 av statsminister Erna Solberg.[3]

Stortinget bevilga penger til å investera i eit nytt etterretningsfartøy i 2009.[4] Forsvarets logistikkorganisasjon lyste ut prosjektet i 2011, og selskapet Vard Langsten (no del av Fincantieri) blei gjeven kontrakten etter å ha konkurrert med fleire andre norske verft om oppdraget.[5] Skroget er bygd ved Vard Tulcea i Romania, medan Vard Langsten i Tomrefjorden i Romsdal ferdigstilte skipet.

Den tekniske utrustninga fann stad frå april til november 2015 ved ein amerikansk orlogsstasjon i Virginia.[6]

Skipet er det fjerde i rekka som har namnet «Marjata». Det første var operativt i perioden 1966–1975, det andre i perioden 1976–1995 og det tredje frå 1995. Tidlegare er desse skipa blitt kalla forskningsskip, men FS «Marjata IV» er det fyrste som også offisielt driv etterretning.[7]

Skipet har verken våpen eller helikopter om bord.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tore Stensvold date=8. januar 2016, Her møter Norges nye superskip forgjengeren for første gang  Den ukjende parameteren |jorunal= vart ignorert (hjelp); line feed character in |author= at position 15 (hjelp)
  2. Rune Thomas Ege (08.11.2015), «Norske «Marjata» er verdens mest avanserte – klar for spionoppdrag i Barentshavet», vg.no 
  3. om dåpen
  4. Etterretningstjenestens nye skip ble døpt
  5. Ny milepæl for etterretningsfartøy
  6. Nå er det nye spionskipet klart for Barentshavet
  7. Nå er det nye spionskipet klart for Barentshavet, besøkt 24. februar 2016
  8. Fem grunner til hvorfor det nye rumensk-norske spionskipet «Marjata» er spektakulært

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: FS «Marjata» (2016)