Fabeldyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fabelvesen)
Griff på kalkmåleri frå om lag 1460 i Krämarekapellet i Malmö i Sverige

Fabeldyr eller fabelvesen er nemninga på dei artane av dyreliknande skapningar eller andre vesen som er kjende frå gamal tid gjennom skriftlege skildringar og bilete som skapningar ein i desse tidene trudde var til, men som aldri verkeleg har eksistert. Dersom dyret eller den dyreliknande skapningen er ein guddom, eller ein av dei dyreliknande skapnadene som ein guddom kunne framstå i under visse vilkår eller i visse samanhengar, reknar ein ikkje dyret eller vesenet som eit fabeldyr sjølv om det ikkje liknar på verkelege dyr; dette er gudar eller gudinner.

Gresk sfinks frå om lag år 460 f.Kr. frå ein bygning på Akropolis i Xanthos i Lycia.
Acephale, hovudlause «fabelmenneske» som ein i Europa i mellomalderen meinte budde i India og Afrika. Frå den såkalla Nürnberger Chronik eller Weltchronik frå 1493 av Hartmann Schedel.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Fabeldyr kan ofte ha utsjånad som i detaljane har mykje til felles med verkelege dyr, eller så å seie vere sett saman av detaljar frå fleire verkelege dyr. Det finst òg skapningar som er sett saman av eit dyr eller fabeldyr og eit menneske, som til dømes kentaur med hestekropp og mannleg overkropp med armar og mannshovud, og havfrue med nedre del av kroppen som fisk og overkropp med bryst, armar og hovud som ei kvinne. For skapningar der delar av menneskekroppen er med, nyttar ein heller nemninga fabelvesen enn fabeldyr.

Sjølv om fabeldyra og fabelvesena vart sett på i si tid som reelle skapningar som ein måtte ta omsyn til på ymse vis, har dei truleg hatt mest å seie som symbol i myter, legender og i biletlege framstillingar. Det er dei eigenskapane som dei vart tillagt for å fungere som meiningsfulle symbol i meir eller mindre klårt definerte samanhengar som har vore bakgrunnen for både dei fantasifulle utsjånadene dei fekk, og dei tilhaldsstadene dei vart tildelte i villmark, i sjø og vassdrag eller blant menneske. Fabelvesena symboliserte makt, kraft, status, vernande eller truande krafter og eigenskapar, død og nytt liv osb., sameleis som somme verkelege dyr vart nytta figurleg på bakgrunn av dei eigenskapane dei hadde naturleg og i tillegg vart tillagt som dei dyra dei var, og på dette viset kunne stå som meiningsfulle symbol på stand, status, eigenskapar og livsvilkår hjå både menneske og guddomar.

Fabeldyr i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Eit verk som gav både fabeldyr og verkelege dyr stor plass i det kristne verdsbiletet, og som i våre dagar gjev kunnskap om fabeldyra i tidlegare tider, var bokverket Physiologus, her i landet òg kalla Fysiologos. Dette var eit «naturvitskapleg» skrift forfatta i tida mellom 2. og 4. hundreåret i Alexandria i Egypt, og som rekna opp, skildra og karakteriserte ein rad verkelege og imaginære dyr, plantar, mineral osb., og dessutan plasserte dei i skaparverket ved å gje dei symbolsk tyding med referanse til Gud, Kristus, djevelen, kyrkja og menneska. I mellomalderen vart dette verket omskrive i ulike versjonar til fleire lokale språk og ofte illustrert. Det mest vidgjetne er eit illustrert eksemplar frå det 11. hundreåret frå Smyrna. Fragment av ein norrøn, illustrert versjon av Physiologus finst frå Island. På bakgrunn av den autoriteten Physiologus fekk blant dei lærde, vart det med tida skrive fleire såkalla bestiar som skildra dyr og handlingane deira som allegoriar for Kristus, djevelen, dei kristne dygdene og lastane osb.

Fabeldyr og vanlege dyr som vart tillagt ymse eigenskapar, har soleis spela ei stor rolle i den kristne propagandaen og forkynninga i Europa i mellomalderen. Dette går òg fram av heile den kristne biletkunsten, ikkje minst av det som er att av skulptur i eller frå steinkyrkjene i romansk stil på både kontinentet og i Norden, og i Noreg dessutan av det som er teke vare på av stavkyrkje-treskurd. Det kristne meiningsinnhaldet i mykje av denne kunsten er vanskeleg å gripe i vår tid av di motiva ikkje berre refererer seg til Physiologus og andre slike verk, men har hatt si kristne meining når dei vart tolka på bakgrunn av heidne førestillingar som levde att i vedkomande samfunn frå gamal tid, og/eller var knytt til slike lokale og/eller tidsavgrensa tilhøve som ein ikkje kjenner til i våre dagar.

Ein særleg form for «fabelvesen» i Hellas og Romerriket i antikken, og i Europa i mellomalderen, er dei underlege menneska som dei lærde meinte levde kring i dei partane av verda som vart sett på som usiviliserte utkantar. Korleis dei kristne, lærde europearane i mellomalderen trudde dei ikkje-kristne folka i utkantane såg ut, er mellom anna skildra i relieffskulpturane på den prektige hovudportalen frå om lag år 1130 i forhallen inn til langhuset i pilegrimskatedralen Basilique Sainte-Marie-Madeleine i Vézelay i Bourgogne (Burgund) i Frankrike: Eit av dei framande folkeslaga har til dømes hundehovud, eit anna har kjempestore øyre lagt vernande ikring hovudet, og somme er så små at dei nyttar stege for å kome seg opp på hesteryggen. Saman med dei andre folka i verda er dei på veg mot apostlane Peter og Paulus for å underkaste seg den katolske kyrkja og hennar bodskap. Kristus, som sit stor og sentralt tronande i feltet over, sender læresveinane sine ut i verda i for å tene han.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fabeldyr