Fabian Stang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fabian Stang
none
Fødd 19. august 1955

Oslo

Parti Høgre
1. verv Statssekretær for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug
 - periode Frå 2016
 - regjering Solberg
 - føregjengar Marit Berger Røsland
2. verv Ordførar i Oslo
 - periode 2007–2015
 - føregjengar Svenn Kristiansen
 - etterfylgjar Marianne Borgen

Richard Fabian Stang (fødd 19. august 1955) er ein norsk advokat og høgrepolitikar. Han var ordførar i Oslo kommune frå 2007 til 2015. Frå 2016 er han statssekretær for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug i regjeringa Solberg.

Fabian Stang er son av Wenche Foss og Thomas Stang. Han utdanna seg som jurist og arbeidde først som lærar, deretter advokatfullmektig, politifullmektig og frå 1986 advokat.

Stang har vore bystyrerepresentant for Høgre sidan 1999, og fast medlem av helse- og sosialkomiteen, samferdsels- og miljøkomiteen, byutviklingskomiteen og finanskomiteen.[1] Han var varaordførar i Oslo frå 29. august 2007, og blei ordførar den 17. oktober same året. Som ordførar er Stang også leiar av forretningsutvalet, valstyret og samevalstyret i Oslo.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Fabian Stang