Fabiana Murer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fabiana Murer
Fabiana Murer01-2.jpg
Fødd 16. mars 1981 (39 år)
Campinas
Yrke stavhopper, friidrettsutøvar
Fabiana Murer på Commons

Fabiana de Almeida Murer (fødd 16. mars 1981) er ein brasiliansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i stavhopp i 2011 og vann VM-sølv i øvinga i 2015.

Fabiana Murer i 2015

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Murer vann i 2005 sin fyrste brasilianske meistertittel i stavhopp, men under VM 2005 rauk ho ut or tevlinga i kvalifiseringa. I 2006 forbetra ho den personlege rekorden frå 4,40 m til 4,66 m og var då søramerikansk rekordhaldar i stavhopp. Ho vann det året både den brasilianske og den ibero-amerikanske meisterskapen.

I 2007 forsvarte Murer den nasjonale meistertittelen og vart også søramerikansk meister, begge gongane svinga ho seg over 4,50 meter. Under dei panamerikanske leikane i Rio de Janeiro auka ho vinnarhøgda til 4,60 m. Ein månad seinare tok ho seg over 4,65 m og vart nummer seks ved verdsmeisterskapen i Osaka.

Den 29. juni 2008 forbetra Murer i São Paulo søramerikarekorden i stavhopp til 4,80 m. Ho presterte derimot langt under sitt beste ved OL i Beijing, der ho enda på tiandeplassen. I juni 2009 flytta ho den søramerikanske rekorden med to centimeter til 4,82 m.

Våren 2010 vann Murer stavhopp ved innandørs-VM i Doha framfor russiske Svetlana Feofanova, begge klarte 4,80 m. I juni same året forbetra Murer den søramerikanske rekorden til 4,85 m i spanske San Fernando. Sommarsesongen elles vann ho tre av dei seks stavhopptevlingane i Diamantserien (DL) og viste seg som den beste kvinnelege stavhopparen i sesongen.

Under verdsmeisterskapen 2011 i Daegu tangerte Murer den søramerikanske rekorden på 4,85 m og vart verdsmeister, den aller fyrste verdsmeisteren i friidrett frå Brasil. I 2013 enda ho på femteplassen i VM i Moskva med eit hopp på 4,65 m. Med 4,85 m tangerte ho nok ein gong sin eigen søramerikanske rekord då ho i Beijing-VM 2015 vann sølvmedaljen.

Den 3. juli 2016 gjorde Murer sitt livs høgste hopp under den brasilianske friidrettsmeisterskapen i São Bernardo do Campo, Med ny søramerikansk rekord lydande 4,87 meter markerte ho seg som ein av favorittane til Sommar-OL i Rio de Janeiro. Men seinare i same månaden var ho plaga av kraftige smertar i ryggen, og då ho prøvde seg direkte på 4,55 m i stav-kvalifiseringa under OL mislukkast ho i alle tre forsøka. Ho la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Fabiana Murer på eit stemne i Rio de Janeiro

Kjelder[endre | endre wikiteksten]