Faddejøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faddejøyane
øygruppe
Land  Russland
Kart
Faddejøyane
76°57′0″ N 107°49′0″ E
Wikimedia Commons: Faddey Islands
Plasseringa til Faddejøyane nordaust for Tajmyrhalvøya.

Faddejøyane (russisk Oстровa Фаддея, Ostrova Faddeja) er ei øygruppe i Krasnojarsk kraj i Russland med tundravegetasjon, grus og is. Ho ligg i Laptevhavet like utanfor Faddejbukta ved kysten til Sibir, aust for Tajmyrhalvøya. Dei største øyane er:

  • Ostrov Faddeija-Severnij
  • Ostrov Faddeija-Vostotsjnij
  • Ostrov Faddeija-Juzjnij
  • Ostrov Kapitanskij, ei mindre øy ligg utanfor hovudøygruppa og nærare til kysten.

Havområdet rundt øyane er dekt av fast is om vinteren og klimaet er særs hardt. Sjølv om sommaren er det mykje is i havet.

Faddejøyane vart kalla opp etter den russiske utforskaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som er «Faddej Faddejevitsj Bellinsgauzen» på russisk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gamle steinreiskapar, truleg forma av menneske, vart funne på Faddejøyane og vart studerte av forskaren A.P. Okladnikov, ein ekspert på eldgamle kulturar i Sibir og ved Stillehavet.

I 1940-1941 fann sovjetiske hydrografar restane av folk, pengar, våpen og andre ting på desse øyane og nær kysten av Simsabukta. Dette var truleg spor etter ein ekspedisjon gjort av Akaky og Ivan Muromets tidleg på 1600-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]