Faded Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faded Love
Song av Bob Wills and His Texas Playboys
Låtskrivar(ar) Bob Wills/John Wills/Billy Jack Wills

«Faded Love» er ein Western swing-song skrive av Bob Wills, faren John Wills,[1] og broren Billy Jack Wills. Melodien kom frå ein ballade frå 1856, «Darling Nelly Gray», som John Wills kjende som ein felemelodi.[2][3] «Faded Love» er ein sentimental song om tapt kjærleik. Namnet kjem frå refrenget som følgjer kvart vers:

I remember our faded love.

Songen vart ein stor hit for Bob Wills and The Texas Playboys (MGM K10786) og nådde åttandeplassen på countrylista i 1950.[4] Songen vart ein av signaturlåtane hans.

Leon McAuliffe hadde to hittar på topp 40 med «Faded Love», begge nådde 22. plassen. Den førstnemnde var ein instrumentalversjon, og den sistnemnde eit samarbeid med Tompall & the Glaser Brothers.[5] I 1962 vart songen òg ein liten hit for Jackie DeShannon, som nådde 97. plassen på Billboard Hot 100.

Songen vart ein større suksess då Patsy Cline spelte inn songen i 1963. Versjonen hennar vart ein hit, og nådde sjuandeplassen på den amerikanske countrylista, men berre 96. plassen på Billboard Hot 100. Sidan Cline kort tid etter mista livet ein flystyrt, vart ikkje versjonen hennar gjeven ut på album. I staden kom han seinare ut på Patsy Cline's Greatest Hits i 1967.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. San Antonio Rose - The Life and Music of Bob Wills. Charles R. Townsend. 1976. University of Illinois. page 11. ISBN 0-252-00470-1
  2. Wolff, Country Music, s. 112: «It ['Faded Love'] originated with western swing pioneer Bob Wills, who grew up in the 1910s and 1920s fiddling in rural Texas with his father, John Wills. They wrote the melody together when Bob was very young; it wasn't until 1950 that the song gained lyrics, courtesy of Bob's younger brother, Billy Jack.»
  3. McWhorter, Cowboy Fiddler, s. 61: «And he [Boyd Rogers] played a tune called 'Forsaken Lover.' It's note-for-note the same as 'Faded Love.' Bob took that old tune and slowed it down and put in that long Bob Wills bow, and it became 'Faded Love'.»
  4. Whitburn, The Billboard Book of Top 40 Country Hits, s. 393: «Rusty McDonald and The Playboy Trio (vokal)».
  5. Whitburn, The Billboard Book of Top 40 Country Hits, s. 218.