Fading

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frekvensselektiv tidsvarierande fading skapar eit skymønster på eit spektrogram. Tida er den horisontale aksen, frekvensen den vertikale aksen og signalstyrken som intensiteten i gråskalaen.

Fading er ein variasjon i radiosignal. I radioteknisk samanheng syner fading til variasjon i signalstyrke og signalforvrenging. Fadinga oppstår når det motsette signalet er samansett av to eller fleire bølgjer som har følgt forskjellige vegar frå sendar til mottakar. Den mest kjende forma for fading er bølgjer som har spreidd seg langs jordoverflata og bølgjer som er blitt reflekterte frå ionosfæren.

Fading skjer oftast for fjerntliggande stasjonar på mellom- og kortbølgje, medan lokale stasjonar på langbølgje og FM-radio sjeldan vert forstyrra. Ein prøver å unngå fading ved å nytte ein automatisk volumkontroll i mottakarane, og ved å nytte fleire frekvensar og antenner samstundes, slik at ein kan velje det signalet som til ei kvar tid har best kvalitet, kalla diversity-teknikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

fading. (2012-02-18) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/fading/variasjon_i_radiosignaler