Fager er den himmel blå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodien til Meidell

«Fager er den himmel blå» er Anders Hovden si omsetjing av N.F.S. Grundtvigs julesong «Dejlig er den Himmel blå».

Originalteksten vart skriven i desember 1810 under tittelen «De Vise fra Østen», og var Grundtvigs fyrste salme. Originalversjonen hadde 19 vers, i 1853 redigerte Grundtvig salmen til sju vers, slik vi kjenner han frå dei nyare norske salmebøkene. Det finst mange melodiar til salmen, men i Noreg er han mest kjend under ein melodi frå ca 1840, av Jacob Gerhard Meidell.

Anders Hoven omsette salmen til nynorsk i 1900. Han er trykt i Nynorsk salmebok på nr. 673, og i Norsk salmebok på nr. 93 og 94.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]