Fagernut Vaktarbustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fagernut)
Fagernut

Fagernut Vaktarbustad vart bygd i 1904 ved det høgste punkt på traseen til den då planlagde Bergensbanen. Han ligg 1310 moh. i Ulvik herad i Vestland, mellom Hallingskeid og Finse. Huset er teikna av arkitekt Paul Armin Due og er bygd i stein frå eit steinbrot like ved. Alt anna byggetilfang måtte transporterast på hesteryggen frå Aurland. Det er ei strekning på 44 km med motbakke. Medan dei bygde Bergensbanen, som var ferdig i 1909, var det ingeniørar og leiinga for arbeidet som budde på Fagernut.

Vaktarbustaden hadde husvære til to familiar, ei i kvar ende av huset. Det vart innlagt vatn til som kunne brukast om sommaren. Det vart og installert telefon. Då Bergensbanen vart elektrifisert på 1960-talet fekk bustaden elektrisk straum. Men straumen vart burte i 1993. Då vart Finsetunnelen opna, og det tidlegare køyreleiingsnettet, som Fagernut hadde straum frå, vart sett ut av drift.

I 1965 vart banevaktarfunksjonen sentralisert, og Fagernut vart fråflytt. Frå 1976 til 1990 vart Fagernut utleigd til Statskraft. Då var mellom anna andre etasje ominnreidd.

Stiftinga Rallarmuseet leigde Fagernut frå 1992. I 1997 kjøpte dei vaktarbustaden av Noregs statsbaner. Sidan 1992 har Rallarmuseet drive rallarkafe og utstilling i sommarsesongen.

Fagernut Vaktarbustad vart i 2002 freda av Riksantikvaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fagernut Vaktarbustad