Fagervollan kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°22′13.08″N 13°39′24.19″E

Fagervollan kraftverk
Foto: PeltonMan

Fagervollan kraftverk er bygd i fjell i 1990 og nyttar to ulike vatn som magasin. Vatnet frå Isvatnet har ei fallhøgd til kraftstasjonen på 280 meter, mens vatnet frå Trolldalsvatnet fell 180 meter. Heile anlegget legg i Rana kommune.

Utløpet frå kraftstasjonen er i Holmvatnet, som er magasin for Sjona kraftverk

Kraftverket har ein installert effekt på 21 MW og ein middels årsproduksjon på 56 GWh. 90 % av produksjonen er vinterkraft.

Anlegget er eigd av Helgelandskraft.