Fairy Lochs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fairy Lochs

Fairy Lochs er ei lita gruppe innsjøar om lag 3 km søraust for landsbyen Badachro nær Gairloch i Wester Ross i Skottland.

Innsjøane ligg nær Loch Bràigh Horrisdale, som munnar ut i Badachro River (skotsk-gælisk Abhainn Bad a' Chrodha). Det er fleire større fossar i området og åsen Sìdhean Mor ligg oppfor Fairy Lochs og bukta Loch Gairloch.

Innsjøane ligg aude til og har tilkomst over jordbruksland og langs stiar i myrlendt terreng.

Minnesmerke over flystyrten

Innsjøane er kjend for at eit amerikansk bombefly styrta her under den andre verdskrigen den 13. juni 1945. 15 personar ombord omkom. Det meste av vraket ligg der det hamna etter styrten og vert i dag rekna som ei krigsgrav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]