Fairytale av Pointer Sisters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fairytale
Singel av The Pointer Sisters
frå albumet That's a Plenty
B-side

«Love in Them There Hills»

Utgjeve Juni 1974
Innspelt 1974, Quadraphonic Studios i Nashville
Sjanger Country
Lengd 3:11
Selskap Blue Thumb Records
Låtskrivar(ar) Bonnie Pointer, Anita Pointer
Produsent David Rubinson
The Pointer Sisters-kronologi 
«Steam Heat»

(1974)

Fairytale «Live Your Life Before You Die»

(1975)


«Fairytale» er ein song av The Pointer Sisters frå mai 1974. Songen kom ut på albumet That's a Plenty og vart skriven av gruppemedlemmane Anita Pointer og Bonnie Pointer. «Fairytale» vart den andre av tre hittar på topp 40 skriven av The Pointer Sisters i den originale utgåva av bandet, som kvartett. Anita Pointer song solovokal på alle desse tre hittane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Anita Pointer har fortalt at ho skreiv denne kjærleiksbrotssongen frå personleg erfaring. Før ho vart kjend me The Pointer Sisters, hadde ho skrive reklamar for radio og ho vart kjæraste med ein DJ frå stasjonen KSAN. Han var alt gift. «Han laug til meg og då eg fann ut at han var gift kom songen til meg». «Fairytale» vart skriven medan The Pointer Sisters var på ein av dei første turneane sine, i lag med Dave Mason.[1][2]

«Fairytale» var ein heilt annan type song enn det som var vanleg for The Pointer Sisters. Songen hadde ein smak av country og vart derfor ikkje vald ut som den første singelen deira. I juni 1974 kom «Fairytale» ut på singel og vart spelt på ein del countrystasjonar. Systrene fekk framføre «Fairytale» på Grand Ole Opry, som den første afroamerikanske vokalgruppa som spelte der. «Fairytale» bådde til slutt 39. plassen på countrysingel-lista i USA, men klatra til 13. plassen på poplista. I Australia nådde singelen 21. plassen og i Canada 42. plassen.

The Pointer Sister vann Grammy-prisen med «Fairytale» for beste countrysong av ein duo eller ei gruppe i 1974. Ei anna ære var då songen vart spelt inn av Elvis Presley den 10. mars 1975 for eit av albuma hans.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 13
U.S. Billboard Hot Country Singles 37

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anita Pointer: «When I hear the music, I just want to shout»». Metro International (MetroNews.fr). Henta 25. juni 2017. 
  2. «Inside Fairytale the Pointer Sisters defiant country kiss-off covered by Elvis». NewsPaperPost.com. Arkivert frå originalen 19. september 2015. Henta 25. juni 2017.