Faith Kipyegon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faith Kipyegon


Statsborgarskap Kenya
Fødd 10. januar 1994 (30 år)
Bomet
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 1500 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 1500 meter kvinner

Faith Chepngetich Kipyegon (fødd 10. januar 1994) er ein kenyansk friidrettsutøvar frå Bomet fylke i det sørvestlege Kenya som tevlar i mellomdistanseløp. Ho vart olympisk meister på 1500 meter i Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro, så vel som Tokyo i 2021. I mellomtida vart ho verdsmeister på distansen ved VM i friidrett 2017.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

19 år gammal sette Kipyegon sette kenyansk rekord med sterke 3.56,9. To år seinare kneip ho sølvmedaljen på distansen i Beijing-VM. I mai 2016 forbetra ho landsrekorden to gonger, fyrst til 3.56,8 i Shanghai og der etter til 3.56,4 i Eugene i Oregon. 16. august 2016 var ho uimotståeleg i innspurten på 1500 m under sommarleikane i Rio de Janeiro. Året etter vart ho mykje meir pressa i avslutninga på VM-finalen i London, men lukkast vinne ein ny gullmedalje.

Under verdsmeisterskapen 2019 i Doha kneip Kipyegon sølvmedaljen på ny kenyansk rekord: 3.54,2, likevel var ho sjanselaus mot nederlandske Sifan Hassan. I juni 2021 flytta Kipyegon landsrekorden til 3.53,9, for så den 10. juli i Monaco til 3.51,0. Den 6.august 2021 forsvarte ho den olympiske meistertittelen då ho i Tokyo vann klart og sette olympisk rekord på 3.53,1.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]