Hopp til innhald

Falanks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skisse av ein falanks
Sumerisk falanks-aktig formasjon frå kring 2400 f.Kr., frå sigersstelen til kong Eannatum av Lagash over Umma, kalla «Gribbestelen».

Ein falanks var ein taktisk militær formasjon i antikken, særleg i Hellas og Makedonia. Ein falanks bestod av tunge infanteristar (hoplittar), væpna med spyd, lanser eller sarissa, og skjold. Han hadde rektangulær form.

Falanksen hadde fleire geledd som var stilte oppp etter kvarandre. Grekarane hadde gjerne åtte av desse, og makedonarane seksten. Taktikken hadde eit høgdepunkt under Filip av Makedonia og Aleksander den store.[1]