Faleidsfjorden
Faleidsfjorden | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Faleidsfjorden | |||
Wikimedia Commons: Faleidsfjorden | |||
Faleidsfjorden er ein delfjord av Nordfjord mellom Innvikfjorden og Strynebukta i Stryn kommune i Vestland. Fjorden strekkjer seg 6,5 km frå vest til aust.
Faleidsfjorden har innløp nord for Innvikfjorden mellom Hildeneset nord for Innvik og Dokset i vest. Grendene Faleide, som fjorden er kalla opp etter, og Svarstad ligg på nordsida av fjorden. Ved Lunde går Strynebukta 2 km nordover til sjølve tettstaden Stryn.
Riksveg 60 går på begge sider av fjorden, men frå Faleide går vegen nordover, medan riksveg 613 held fram vestover.