Fallskjermjeger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Fallskjermjegerar hoppar ut av eit C-130 Hercules transportfly

Ein fallskjermjeger er ein soldat som er opplært og trent i fallskjermhopping frå transportfly eller helikopter. På denne måten kan soldaten kome seg snøgt og overraskande inn på operasjonsområdet eller inn i fiendens sitt bakre område, der mjuke mål som logistikk og kommando- og kontrolleiningar finnst. Detter er òg ein effektiv måte å setje inn soldatar som skal drive etterretning, diversjon, villeiing og sabotasje på operasjonsområdet til fienden.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Fallskjermjegertroppen i Noreg er ei operativ avdeling i FSK-HJK som består berre av vernepliktige. Troppen opererer som oftast i patruljar og øver på operasjonar langt inne på fiendtleg territorium. Der opererer dei gjerne over lang tid. Soldatane skal òg henta informasjon (etterretning) som kan vera nyttig når ein skal få eit overtak over fienden.

Dei vernepliktige i denne avdelinga vert etter opptaket teke opp som fallskjermjegeraspirantar. Opptaket føregår i månadsskiftet juli/august. Etter avsluttande aspirantøving i november vert gjenverande fallskjermjegeraspirantane fallskjermjegerar. Dette (saman med marinejegerane) vert rekna som den fysisk og psykisk hardaste førstegangstjenestene ein kan gjennomføra. Tilhøyrande mannskap til denne eininga vert med kjenneteikna sin vinrøde beret.

Ein representant frå Jegerkommandoen til hæren på Dagen til garden 2007
Foto: Kjetil Ree

Året som fallskjermjeger:

  • Grovuttak
  • Rekruttskole
  • Opptak
  • Sambandkurs
  • Overlevelseskurs
  • Fallskjermkurs (automat)
  • Skytekurs
  • Avsluttande Aspirantøving
  • Sanitetskurs
  • Fagkurs
  • Vintertrening
  • Avsluttande Vinterøving
  • Pistolkurs
  • Kur sin I Maritime Spesialoperasjoner (KIMSO)
  • Avsluttande øving (Skottland)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]