Falnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Falnes sokn)
Skudeneshavn

Falnes er eit sokn i Karmøy kommune, som ligg sørlegast på øya. Det har nesten 3 900 innbyggjarar (2013), dei fleste av dei i tettstaden Skudeneshavn, og høyrer til Karmøy prosti. Falnes kyrkje ligg like aust for .Skudeneshavn. Før Karmøy kommune vart oppretta i 1965 var soknet ein del av gamle Skudenes kommune.