Faloda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faloda

Faloda (hindi फ़लूदा, tamil பலுடா, bengali ফালুদা; også romanisert faloood og faluda) er ein søt drikk eller dessert som er utbreidd i Sør-Asia. Han blir tradisjonelt laga ved å blanda rosevatn, tynne nudlar (vermicelli), søte basilikumfrø (sabza/takmaria) og gelébitar med mjølk, og blir ofte servert med iskrem oppå.[1]

Rosefaloda.
Faloda med mjølk.

Nudlane ein nytter er laga av kveite,[2] arrowroot, maisenna eller sago.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Faloda stammar frå Persia, der den liknande retten faloodeh er populær. Retten kom til India med dei muslimske herskarane som erobra landet og etablerte dynasti der.[4]

Formene av faloda som er vanlege i dag blei utvikla i Mogulriket og spreidde seg i lag med dette. Det blei laga lokale variantar av retten i andre muslimske statar, som fyrstestaten Hyderabad og Det karnatiske fyrstedømet.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Falooda Recipe». Henta 3. januar 2017. 
  2. «Falooda». ifood.tv. Henta 26. januar 2015. 
  3. «Falooda Sev Recipe». Henta 3. januar 2017. 
  4. «Falooda». iFood.tv. Henta 4. april 2016. 
  5. «The Royal Falooda | Eating India». www.eatingindia.net. Arkivert frå originalen 28. mai 2017. Henta 4. april 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Faloda