Falu råg-rut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Falu råg-rut.

Falu råg-rut er eit varemerke for eit knekkebrød frå Wasabröd. Brødet vart tidlegare tilverka i Falun, men blir no laga i Filipstad. Det er eit hardt rugbrød i form av små «kuddar», noko som gjer det lett å bryte opp i delar. Brødet er populært rundt om i Sverige. Det blir oftast ete som smørbrød men er òg populært å bryte i bitar og ha i filmjølk, ein type kulturmjølk.

Ingrediensar i Falu råg-rut er rugmjøl (fullkorn), havregryn (8,5%), vatn, gjær, surdeigspulver, bakemalt og salt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]