Falun og Kopparbergslagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Falun og Kopparbergslagen

Falu koppargruve
LandSverige
Innskriven ved UNESCOs 25. sesjon i 2001.
Referansenr. 1027.
Kriterium:KULTUR (II)(III)(VI)
Sjå ògVerdsarvstader i Norden
BakgrunnsstoffFalun og Kopparbergslagen ved unesco.org

Falun og Kopparbergslagen er eit område som omfattar det historiske industrilandskapet kring Falun og Stora Kopparberget i Sverige. Falun og Kopparbergslagen er teke med på UNESCO si liste over verdsarv, frå den 13. desember 2001. Verdsarvkomiteen si grunngjeving for å ta med området på lista var:

«Det historiske industrilandskapet kring Stora Kopparberget og Falun utgjer eit av dei fremste områda for gruveverksemd og metallproduksjon. Gruvedrifta tok slutt mot slutten av 1900-talet, men har gjennom mange hundre år hatt sterk innflytting på teknisk, økonomisk, sosial og politisk utvikling i Sverige og Europa

Kopparbergslagen var ein del av Dalabergslagen og vart utgjort av sokna Aspeboda, Enviken, Vika med Hosjö, Stora Kopparberg, Sundborn, Svärdsjö med Svartnäs, og Torsång i tillegg til Falu stad (by), sjå Falun. Alle desse sokna utanom Torsång inngår i dag i Falu kommun. Til kommunen høyrer òg Bjursås i Övre Dalarna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]