Familiegudsteneste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Familiegudsteneste er ei gudsteneste tilrettelagt også for dei yngste aldersgruppene.

Familiegudstenesta var fram til gudstenestereforma i Den norske kyrkja i 2010 ein forodna liturgi for gudstenester som etter Gudstenestebok for den norske kyrkja kunne brukast utanom dei ordinære gudstenestene eller i staden for høgmesse eller aftansong på ordinære søndagar.

Den gamle liturgien for familiegudstenesta skilde seg innleiingsvis frå den ordinære høgmesseliturgien ved at syndsvedkjenninga, Kyrie og kollektbøn var sløyfa, og det i staden vart bruka eigne opningsord, følgd av ein salme, oftast «Måne og sol», som lovsong. Under tekstlesinga vart berre preiketeksten lesen. Tidlegare var det heller ikkje nattverd ved ordnære familiegudstenester.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]