Familierett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Familierett omhandlar reglane om inngåing (ektevigsel) og oppløysing (separasjon og skilsmisse) av ekteskap. Som ei underordna inndeling av dette rettsområdet finn vi òg den økonomiske familieretten, som er reglane om ektemakane sitt formuesforhold i ekteskapet, inkludert den gjensidige underholdplikta til ektemakane, inngåing av ektepakter, og korleis formuen skal delast ved oppløysinga til ekteskapet.

Tradisjonelt blir òg barneretten rekna som ein del av familieretten. Barneretten har reglar om tilhøvet mellom foreldre og barn, m.a. om farskapet, foreldreansvaret, vergemål m.m.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]