Fammestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fammestad er ei lita bygd i Alver kommune i Nordhordland. Bygda har eige ungdomslag med lagshuset Nyheim. Dei har også bygdekino i lagshuset Nyheim. I bygda er det mange gardsbruk, men alle er lagt ned dei siste åra. Gardane vert no drifta av bønder i nabobygdene. Det ligg også ein nedlagd fabrikk, Fossafe som lagde brannsikre safar og arkivskap der. Fammestad og Tveito har privat vassverk.

I Fammestadtjørna er det aure. Fiske er tillate etter avtale med grunneigarane. Kløvheim skule ligg cirka ein kilometer frå bygda. Næraste tettstad er Knarvik.

Bedrifta Fammestad Agro vart starta på Fammestad i ei av dei nedlagde løene. Eigaren av denne bedrifta fann opp produktet AgrOsan som hjelper mot eksem. Bedrifta er i dag ute av drift. Bedrifta heldt til i Knarvik Senter inntil eigaren gjekk av med pensjon.

Sjølv om berre rundt 50 elevar går på Kløvheim Skule, er det 30 medlemer i Kløvheim Skulekorps, som i 2009 fekk 6.plass i skulekorps-NM for Brass.