Fanøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fanøy er ei lita øy i øygruppa Batalden som ligg heilt vest i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Storleiken på øya er ca. 1 km2 og består av grusveg og opptrakka turstiar. Næraste by er Florø som ligg ein halvtimes båttur unna.

Fanøy er senteret i Batalden. Her finn vi Batalden bedehuskapell (vigsla 23. oktober i 1907 og eigd av bygdefolket), Batalden landhandel og rutebåtkai. Batalden skule vart bygd i ca. 1965, men etter ca 45 år i drift vert skulen nedlagt frå hausten 2010.

Fiskeri har vore hovudgrunnlaget for busetnad på øyane. I dag er det fleire fiskebåtar av ulik storleik her. I tillegg er det fiskeoppdrett, konfeksjonsverksemd og turistverksemd. I Store-Batalden driv Gunnhild Bjelland Noregs vestlegaste kunstgalleri og Batalden Havbu.

Det store sildefisket frå 1820-1870 har sett sine spor på øya. Ein kan framleis sjå murane etter saltbuene rundt omkring på øya.