Fanøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fanøya
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kinn kommune
Kart
Fanøya
61°37′28″N 4°48′24″E / 61.6244°N 4.8067°E / 61.6244; 4.8067

Fanøya eller Fanøy[1] er ei lita øy i øygruppa Batalden som ligg heilt vest i tidlegare Flora kommune, no i Kinn kommune i Vestland fylke. Storleiken på øya er ca. 1 km² stor og består av grusveg og opptrakka turstiar. Næraste by er Florø som ligg ein halvtimes båttur unna.

Fanøy er senteret i Batalden. Her ligg Batalden bedehuskapell (vigsla 23. oktober i 1907 og eigd av bygdefolket), Batalden landhandel og rutebåtkai. Batalden skule vart bygd i ca. 1965, men etter ca 45 år i drift vert skulen nedlagt frå hausten 2010.

Fiskeri har vore hovudgrunnlaget for busetnad på øyane. I dag er det fleire fiskebåtar av ulik storleik her. I tillegg er det fiskeoppdrett, konfeksjonsverksemd og turistverksemd.

Det store sildefisket frå 1820 til 1870 har sett sine spor på øya. Ein kan framleis sjå murane etter saltbuene rundt omkring på øya.

Ved folketeljinga i 1900 budde det 39 personar på Fanøya.[2]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Faktaark, kartverket.no
  2. Folketeljing 1900 for Kinn herred, frå Digitalarkivet