Fana Folkehøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°15′6.2568″N 5°15′59.656″E

Fana Folkehøgskule frå gardsplassen

Fana Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule i Hjellestad bydel i Bergen kommune. Skulen tar årleg imot vel 100 elevar og er eigd av Nord- og Midhordland Høgskulelag. Skulen vart etablert i 1915 og er bygd opp rundt garden Store Milde frå 1700-talet.

Linjefag på Fana Folkehøgskule skuleåret 2013-14[endre | endre wikiteksten]

  • Biletkunst
  • Fotografi og film
  • Psykologi
  • Drama og fysisk teater
  • Musikk
  • Community - kultur og bistand

I tillegg til linjefaga er det ei rekke temafag og valfag. Elevane kan velje nye tema- og valfag 3 gonger i året. Alle linjene drar på minst ein studietur til utlandet.

Den norske forfattaren Jostein Gaarder arbeidde på denne skulen som lærar i fleire år.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jostein Gaarder» (norsk). Aschehoug. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]