Fana gymnas


Fana gymnas var ein allmennfagleg vidaregåande skule på Paradis i Fana bydel i Bergen, nedlagt etter skuleåret 2015/16. Skulen opna som mellomskule i 1916 i det første bygget til det som i dag er Paradis skole og vart gymnaset Fana kommunale høyere allmenskole frå 1934. Seinare vart skulen utvida med nye bygningar. Den siste av desse er frå 1957 og er teikna av arkitekt Theodor Olsen. Då fylkeskommunen tok over dei vidaregåande skulane, skifta skulen namn til Fana gymnas.
Under den andre verdskrigen vart skulen nytta som Storetvedt hospital som reservesjukehus for Haukeland sjukehus i samarbeid med Paradis Raude Kross.
Skulen ligg i Statsminister Michelsens veg, nesten vegg-i-vegg med Paradis skole. Det gjekk meir enn 500 elevar på skulen, fordelt på 20 klassar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Heimeside Arkivert 2009-02-20 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.